Utdannar langrennstrenarar

Kurshaldar og deltakarar på trenar 1-kurset, frå venstre: Jan Eirik Søraas, Anniken Hjellbakk Hole, Hege Ringdal, Emilie Brekke, Linn Kammen, Andrine Støverstein, Wenche Høgalmen Ringdal, Marthe Hjellbakk Hole, Kristin Solberg, Lisbeth Lervik. (Foto: Gunnar Fivelstad)

Langrennsgruppa i Sunnylven IL satsar på god rekruttering til langrennsporten. Klubben har eit flott anlegg for fleire sportsgreiner i Hyttehola, og no blir langrennstrenarar utdanna.

-Vi er kjempeheldige som kan få eit kurs så nær, så vi håper mange foreldre og andre interesserte vil vere med, står å lese i invitasjonen. Målet med trenar 1-kurset er å gje opplæring i korleis ein på ein god måte opptrer og gjev born opp til 12 år rett trening.

Sunnylven IL og skikretsen arrangerte  fyrste del av trener 1.kurset på Hellesylt sist helg. Ni deltakarar, alle damer hadde meldt seg på, og kurshaldar var Jan Eirik Søraas. Kurset går over to helgar.

Anniken Hjellbakk Hole, Sunnylven IL sin aller beste kvinnelege langrennsløpar dei siste åra kan nok det meste om trening og langrenn frå før. Ho er ein av deltakarane og trur det kan vere nyttig å gå kurset. –Eg har vore langrennstrenar utan kurs, men skal du bli det på rett må du ha fire grunnkurs. Det fyrste er om trening av born frå 6 til 12 år, det neste er 13 til 16 år og så vidare, fortel Anniken Hjellbakk Hole, nestleiar i styret for Møre og Romsdal skikrets.

At det var berre damer som hadde meldt seg på var litt skuffande, tykkjer ho. Men Sunnylven IL er likevel godt rusta når det gjeld fagleg kompetanse med  fleire som har kurs frå før, seier Anniken og nemner både Tarjei Korsbrekke og Magnar Tufte Tyssen.

Fyrste del av trenar 1-kurset er ferdig. Andre del blir på snø i januar, seier Anniken Hjellbakk Hole.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380