Lokalnytt

Vil etablere Verdsarvutstilling på Hellesylt

Sunnylvingar viset engasjemang og møtte fram på folkemøtet onsdag kveld. Dei trur på auka besøkstal med ei Verdsarvutstilling i Peer Gynt galleriet.

Mellom førti og femti sunnylvingar møtte på folkemøtet onsdag kveld. Tema for møtet var etablering av ei Verdsarvutstilling i Peer Gynt galleriet på Hellesylt.

Frå styret i Peer Gynt galleriet fekk Verdsarvstiftinga i Geiranger i fjor spørsmål om å hjelpe med å få meir besøk og liv i kunstsenteret på Hellesylt. Svaret var ja, sa konstituert leiar for Verdsarven, Merete Løvoll Rønneberg. Ho er med i ei gruppe som skal arbeide for etablering av ei Verdsarvutstilling på Hellesylt saman med Lena Parr, Kari Hauso Stadheim, Odd Normann Hoff og Geir Frøysa.

Eit Verdsarvhus på Hellesylt kunne marknadsførast gjennom Verdsarvstiftinga, og også Destinasjon Ålesund hadde sagt seg interessert i å vere med. Det er sett av 500.000.- kroner på årets budsjett for å lage eit Verdsarvhus på Hellesylt, sa Rønneberg.

Lokale krefter må med

I tillegg til ei utstilling laga kring natur og venleik frå området er planen å etablere ein liten butikk med sal av Peer Gynt-effektar i samarbeid med Peer Gynt på Gålå. Det er snakk om å bygge opp noko heilskapeleg der fleire er med på «byggelaget». Peer Gynt galleriet er eit Verdsarvhus med ein skatt som ingen til no har fått fram verdien av, sa ho og la til;

-For meg er det eit grunnleggjande prinsipp at lokalbefolkninga er med. Vi vil ikkje tre noko ned over nokon, det må vere lokalt eigarskap og lokale krefter må vere med å bidra. Vi må bygge det på det bygda har av verdiar og ressursar.

Fleire inspirert av naturen

Før forsamlinga fekk oppgåver i gruppe for å notere ned idear om kva ei utstilling og eit Verdsarvhus på Hellesylt burde innehalde, kva materialval ein burde nytte og kva måte det skulle presenterast på, stilte Merete Løvoll Rønneberg spørsmålet om Oddvin Parr og kunsten hans var inspirert av naturen, og om det var andre som har brukt natur i Sunnylven i sine arbeid.

Odd Normann Hoff hadde førebudd eit grundig svar og hadde fleire på lista. Naturen hadde vore med å inspirert diktarar og kunstnarar som Henrik Ibsen, Eldar Parr, Ivar Ringdal, Olav Ringdal og spelemenn og smedar på Kjellstad. Også fleire andre mindre kjente har festa naturskildringar av Sunnylven på lerret og ark, sa Hoff.

Vaflar god butikk

Inger Line Kammen fortalde om korleis kafeen ved Fjordsenteret i Geiranger blir drive. Her er det lagt opp til servering av matvarer som blir nytta heilt ut og med få tilsette. Det aller mest populære og som gjev best inntening var sal av vaflar, sa ho. Varme rettar var det få av i veka, kanskje berre til ein dag.

Åge Gjørvad fortalde om dugnadsarbeid som har blitt utført på uteområdet ved Peer Gynt Galleriet. Pensjonistar har ordna med planting og slåing av plen, men no måtte også yngre ta del, meinte han. Det var mykje å halde orden på, mellom anna fleire frukttre som burde beskjerast.

Astrid Langeland hadde fått oppdrag av styret i Peer Gynt galleriet til å sjå på utbetringar innvendig, men usikker framtid for kunstsenteret tidlegare har ført til at det ikkje er gjort tiltak så langt, sa ho.

Mange idear

Det vart ein tjukk bunke svarark og mange kreative løysingar Merete Løvoll Rønneberg kunne ta med frå møtet onsdag kveld. Det vidare arbeidet vil vise om det kom fram idear som vil bli nytta. Ein tanke vi synest bør bakast inn kom styremedlem i Storfjordens Venner, Bjørn Steinar Skarbø med. Han kunne tenkje seg at verneorganisasjonen fekk plass i Verdsarvutstillinga på Hellesylt for å presentere kulturlandskap og restaurering av fjord og fjellgardar i området. Det var ikkje langt frå Hellesylt til mellom anna husmannsplassen Kurå, sa Skarbø.

Fungerande leiar i Vedsarvstiftinga, Merete Løvoll Rønneberg til høgre leia folkemøtet på Hellesylt. Her i samtale med Inger Line Kammen og Kari Hauso Stadheim.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380