Årsmøte i Stranda Senterparti

God stemning i SP-leiren. Leiar i Stranda senterparti PetterHjørungdal og nestleiar Jostein Dalen flankert av Ingrid Nerås Krogsæter til venstre og leiar i samferdselsutvalet i fylket, Kristin Sørheim. (Bilde frå arkivet 2015)

På årsmøtet i Stranda senterparti 14. november vart Petter Hjørungdal attvald som leiar.

Årsmøtet vart halde på Byrg Kompetanse, Stranda. Årsmøtegjest var Ingrid Nerås Krogsæter som var valkampsekretær for Møre og Romsdal Sp i år. Ho har også vore nestleiar i Senterungdommen. Dagleg leiar i Byrg Kompetanse, Stig Tore Rennemo, hadde innleiingsvis ei orientering om bedrifta.

Stranda Sp gjorde eit godt val i haust, med 24,2% oppslutning og ein framgang på 8,3 prosentpoeng frå valet i 2013. Partiet vart det største i Stranda kommune.

Det nye styret i Stranda Senterparti konstituerte seg den 27. november, og er samansett slik:

  • PETTER HJØRUNGDAL,                                leiar, vald på årsmøtet,
  • JOSTEIN DALEN,                                            nestleiar,
  • LIV NORUNN LANGELAND RUNDE,             kasserar,
  • INGE RØYRHUS,                                            sekretær,
  • EGIL RØYRHUS,                                             studieleiar,
  • BODIL TRONSTAD LIE,                                  styremedlem.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380