Lokalnytt

Betalte vedlikehald av hjartestartar

Ellinor Fivelstad t.v. og leiar i Sunnylven sanitetslag, Kari Hauso Stadheim med hjartestartaren som er plassert ved Sunnylven omsorgssenter.

Ved Sunnylven omsorgssenter er ein av Sunnylven sine fire hjartestartarar plassert. Nyleg måtte batteri og paddar fornyast og sanitetslaget betalte.

I dag har Sunnylven fire hjartestartarar plassert rundt om. Heldigvis har ingen av dei fire vore i bruk så langt hellesylt.info kjenner til. Men å ha dei i beredskap og funksjonsklare er viktig og ei tryggheit.

Med visse mellomrom må også desse ha vedlikehald, batteri må skiftast og paddar må fornyast. Ved Sunnylven omsorgssenter fekk hjartestartaren nytt batteri og paddar nyleg, og rekninga på mellom 2-3000.- kroner betalte Sunnylven sanitetslag. –Vi er i operativ beredskap og alle tilsette ved omsorgssenteret har fått opplæring i bruken, seier Ellinor Fivelstad som sjølv har ekstra kursing i bruk av hjartestartar.

Det var under opning av «nye» Hellesylt stadion 11. juni 2011 at banksjef i Sparebanken Møre, Stig Tryggestad overrekte den fyrste hjartestartaren i Sunnylven i gåve, betalt av banken og lag og organisasjonar i Sunnylven. Verdien av gåva som mellom anna Sunnylven sanitetslag støtta med 5000.- kroner vart opplyst å vere 30.000.- kroner.

Gåva skulle plasserast på Sunnylven omsorgssenter då der var døgnbetjent og såleis lett å få tilgang til om behovet skulle oppstå. Der er hjartestartaren plassert i dag med nytt batteri og nye paddar. Også Ole Ringdal AS, Sunnylven IL, og Hellesylt Brannkorps har også hjartestartarar i Sunnylven i dag.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380