Generasjonstreff laurdag

Kostyme og dans, eit innslag frå scena under eit tidlegare generasjonstreff

Fyrstkomande laurdag inviterer Hellesylt Ungdomslag og barneleikarringen til generasjonstreff på Sunnylven samfunnshus med servering og dansande underhaldning.

Det blir samling kring festpynta bord i Sunnylven samfunnshus laurdag. Då er Hellesylt UL og barneleikarringen vertskap for nok eit generasjonstreff, eit arrangement der foreldre, besteforeldre og andre er velkomne.

Det blir sal av kaffi og kaker, og barneleikarringen vil underhalde med dans, får vi opplyst.

Generasjonstreffet har blitt ei årviss tilstelling med unge og eldre i lag. Arrangøren håper mange møter fram også i år, laurdag 11. november

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380