Gjorde opp status for Hellesyltdagane.

«Store Kvakk» kom til Hellesyltdagane i 2017 og trona høgt over festivalstaden der han hadde god utsikt til alt, også Hellesyltfossen der 2000 artsfrendar bada seg ned på søndagen.

Hellesyltdagane runda 30 år i 2017. Veret var litt varierande denne gongen, men mange besøkte sommarfesten på Hellesylt i juli likevel.

 

Etter fleire år med pluss viste den økonomiske oversikten etter Hellesyltdagane 2017 raude tal. Underskotet på 50.000.- kroner vart opplyst å kome etter innkjøp av ei stor and, og 2000 små til det populære andesleppet i Hellesyltfossen. Kvart år kjem det vekk 3-400 ender etter sleppet. Mange nabobygder har sikkert fått besøk av dei bortkomne plastikkendene, trudde Ann Kristin Langeland.

Langeland orienterte om resultatet etter årets store sommarfest på Hellesylt. Saman med resten av arbeidsgruppa for «dagane», Svein Sporstøl, Åse Støverstein Ringdal, Per Ove Frøysa og Erik Torset orienterte dei femten frammøtte frå lag og organisasjonar om årets arrangement.

Roleg arrangement

Ann Kristin Langeland gjekk gjennom dei ulike postane på laurdag og søndag. Ho fortalde at Hellesyltdagane hadde godt samarbeid med både politi og med Stranda Røde kors og at arrangementet vart gjennomført utan større uro eller uhell.

Messeavisa var større både i sidetal og distribuert i eit større område enn tidlegare. Om det kan halde fram slik komande år var usikkert noko som tilgangen på annonse avgjer. Hellesyltdagane informerer også på eiga nettside og på facebook.

Uventa ver

Teknisk fungerte alt godt, men med litt problem med straumanlegget på skule/samfunnshus og for svake kursar. Det burde vore utbetra, meinte Langeland som fortalde at Hellesyltdagane hadde mange stand i år sjølv om nokre trekte seg då dei såg langtidsvarslet for veret.

Som vanleg var det mykje spanande å oppleve med god underhaldning . Kyrkjekonserten vart godt besøkt og det same var gratisunderhaldninga frå utescena. Også ved Thomas tivoli på ny plass på meieritomta var fleire innom, men «Ta sjansen» på badestranda vart avlyst grunna for lita påmelding. Hellesyltløpet gjekk på stadion og hadde over hundre påmelde, og andesleppet i Hellesyltfossen var rekordstort med over 2000 selde ender og lodd.

Som planlagt

Teltet som var sett opp på Ole Ringdal`s plass fungerte godt då det kom enkelte regnbyger under programinnslag frå utescena . Dette bør setjast opp kvart år i tilfelle regn, eller som skugge om sola skulle bli for varm, vart det sagt.

-Sjølv om vi fekk det vi aldri trudde vi skulle oppleve, nemleg litt dårleg ver så samla Hellesyltdagane mykje folk også i år. Og tilbakemeldingane frå lag og organisasjonar var positive, alt hadde gått som planlagt, sa Svein Sporstøl som var leiar i arbeidsgruppa. Også under informasjonsmøtet kom det fram positive signal frå dei frammøtte, og arbeidsgruppa fekk ros for jobben dei hadde gjort.

Underskot

-Målet for arrangøren av Hellesyltdagane er at det skal gå rundt økonomisk. V har ikkje som mål å få stort overskot, men at lag og organisasjonar skal få igjen litt til lagskassene sine, sa Svein Sporstøl.

Oversikten for rekneskapen viste brutto omsetning på vel ein halv million, men med eit underskot på 51.000.- kroner, eit underskot som er omtala tidlegare i artikkelen. Men inga krise, Hellesyltdagane har framleis driftskapital til komande arrangement vart sagt. Neste år blir arrangementet frå 6. til 8. juli, les vi på Hellesyltdagane si nettside.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380