Lokalnytt

Gullfest hos Ole Ringdal AS

Disponent Kristen Ringdal har sett medaljer og diplom på premiebordet før, men aldri tre gull og ei sølv på same gong.

Kjøttvarebedrifta Ole Ringdal AS på Hellesylt kom heim med tre gull og ei sølvmedalje frå NM Kjøttprodukter 2017. Onsdag feira leiinga og dei tilsette det blenkjande resultatet.

Det glitra frå edelt metall i gull og sølv og i tillegg stod diplom og to fristande marsipankaker på bordet då leiinga ved Ole Ringdal AS inviterte alle tilsette til gullfest i lunsjpausen onsdag. Aldri før har bedrifta på Hellesylt kome heim frå NM i Kjøttprodukter med tre gull og ei sølvmedalje, fortalde ein meir enn nøgd disponent Kristen Ringdal. Og vi får legge til at når deltakinga i NM-konkurransen både er større og skarpare enn nokon gong sidan fyrste NM-konkurranse i 1994, då stadfestar resultatet at hjørnesteinsbedrifta på Hellesylt leverer kvalitetsvarer.

Ribberull, ny gullvare

Dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal var i Oslo og tok mot medaljer og diplom for gull med Ringdalmør kokt, Ribberull og Bacon i terningar, og sølv for Pinnekjøtt røykt.

Både Ringdalmør kokt og Bacon i terningar har hevda seg i konkurranse tidlegare år, seier fire av fagarbeidarane, Vidar Even Leite, Bjørn Tryggestad, Leif Egil Åsen og Per Kjell Leite. At Ribberull gjekk til gull var meir overraskande, men gledeleg. Åsen trur at innblanding av litt feitt er positivt for smaken.

Alle tilsette ved Ole Ringdal AS var samla til kakefest onsdag. Der fekk dei marsipankake og verbale roser av dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal.

Stolt av arbeidsstokken

I lunsjpausen i kantina onsdag delte dagleg leiar ut rosande ord til sine knappe 90 tilsette.

–Vi er utruleg stolte av arbeidet De utfører. Det er dokke som gjer jobben for oss og får fram topp produkt og heiderleg omtale for bygda vår. Så tusen, tusen takk for at De står på, sa Ole Arnstein Ringdal mellom anna før han hasta vidare til byggemøte i samband med utvidinga av bedrifta.

Eit nybygg på heile 2100 kvadratmeter har god framdrift og skal kome under tak til jul. Det skal romme nye lager og klimarom og blir etter planen teke i bruk i mars/april neste år.

Norsk og nært

Ole Ringdal AS er eitt av få slakteri i fylket. Varespekteret tel 400 ulike produkt som blir til frå inntransport av levande dyr og slakting ved anlegget. Årleg tek bedrifta mot 25000 dyr av alle slag husdyr, storfe, småfe og gris. Tilgangen av slaktedyr kjem frå norske bønder i nærområdet og frå andre deler av Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Med andre ord , det er kort og human transport av dyra. Og alt som blir produsert ved anlegget på Hellesylt og haustar ry og anerkjennelse er produsert av norske råvarer, seier Ole Arnstein Ringdal.

Fagarbeidarar som dagleg har ei hand med i produksjonen av dei premierte produkta. Frå venstre Per Kjell Leite, Leif Egil Åsen, Vidar Even Leite og Bjørn Tryggestad bakerst.
Medaljer, diplom og marsipankaker, levert av Bakehuset, Eid.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380