Lokalnytt

Heidra gode brannmenn

Samling for karane ved ein av bilane i brannstasjonen i Ringdalsåsane. Frå venstre Amund Lien, Leif Egil Åsen, John Ringdal og Inge Teigen.

John Ringdal, Leif Egil Åsen og Amund Lien har alle lang fartstid i Hellesylt Brannkorps. Nyleg hengde dei vekk hjelm og andre brannklede for siste gong.

Sjølv om åra er der er ikkje alderen tyngjande for nokon av dei tre, men det får vere bra slik meiner dei, John etter 50 år, Leif Egil og Amund begge kring 35 år.Tysdag kveld var heile brannkorpset på Hellesylt samla saman med brannmeister Inge Teigen på brannstasjonen i Ringdalsåsane. Tidlegare har dei tre fått utmerkingar etter 25 år i tenesta, og tysdag kunne Teigen overrekke Stranda kommune sin flotte vase som takk for lang og tru teneste.

Gåver frå kommunen

-Historia dykkar i brannkorpset er lang, men heldigvis har det ikkje skjedd så mange alvorlege ting desse åra. De har vore trufaste mannskap, alltid med godt frammøte og godt humør. På vegne av kommunen vil eg takke så mykje for innsatsen, sa Inge Teigen og overrekte dei tre kvar sin krystallvase.

I brannkorpset etter låvebrann

John Ringdal har lengst fartstid av dei som no sluttar. Han kom med i 1967 i samband med ein låvebrann. Då var han nett starta i jobb på Ole Ringdal AS, fortel han, men var utlånt til Sunnylven Meieri då styrar Tryggestad hadde for få arbeidarar der.

-7. februar det året var eld laus i ein låve på Frøysa og eg vart sendt med som hjelpar dit sjølv om eg ikkje var i brannkorpset, fortel John. Men frå den dag vart han brannmann i 50 år, 30 av dei som brannkorpsleiar på Hellesylt.

I snøfonna

Saman med resten av brannkorpsmedlemane gjekk praten lystig med pizza og kaffi på borda i opphaldsrommet på brannstasjonen. Vi kunne nok ha fanga opp mange gode historier frå åra og fått «måla» litt meir ut om då brannbilen tok fyr, då brannmannen kom seglande ned frå skråtaket og landa i snøfonna, eller frå tur til Geiranger med ekstraferje for å hjelpe med sløkking av ein hotellbrann.

Med brannvarslar i lomma har også andre hendingar som små husbrannar, bilbrannar og bilkrasj blitt takla i desse åra, noko også hellesylt.info har vore til stades og sett. Å klippe sund ein bil for å frigjere ein person, eller ta politimynde og dirigere trafikken har kursing og i tillegg livets skule lært dei å løysa på ein god måte.

Mange nye oppgåver

Brannmeister Inge Teigen er ikkje glad for at brannmanskapet blir pålagt nye oppgåver. –Vi er sjølvsagt til stades for å trygge innbyggarane, men vi burde kanskje vore meir kritiske til oppdraga og sett foten ned. Til dømes politireforma der dei snakkar om nærpoliti, men som meir er blitt fjernpoliti, og oppstår det situasjonar med utagerande personar vil vi kunne få fårlege oppdrag vi ikkje er trena for, er eksempel Inge Teigen nemner, og legg til at han heller ikkje synest legevakttenesta er god nok.

Bra utstyr

Brannberedskapen på Hellesylt er god. Der er godt utstyr, tre mann sluttar og tre nye er komne til. Totalt er styrken på ti personar.

Brannkorpset på Stranda består av 20 personar, og i Geiranger 12. Stranda får ny brannbil i 2018, og Geiranger overtek bilen som er på Stranda i dag. Då får turistbygda sin gamle brannbilen frå 1986 avløysing, fortalde brannmeister Inge Teigen.

Brannmeister Inge Teigen overrekte krystallvasar og bar fram takk frå Stranda kommune for innsatsen i brannkortpset i fleire ti-år til frå venstre Leif Egil Åsen, Johan Ringdal og Amund Lien.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380