Lokalnytt

Julemesse fyller samfunnshuset

I Sunnylven samfunnshus på Hellesylt er det julemesse laurdag 2. desember. (Foto frå arkivet)

Sunnylven Bygdekvinnelag er arrangør av julemessa på Hellesylt laurdag 2. desember. I Sunnylven samfunnshus har 15 salsutstillarar fått plass.

Det blir variert vareutval på julemessa i år, både blomster, pyntegjenstandar, bruksting og matprodukt, også kålrot og poteter og meir. Julemessa på Hellesylt fyrste laurdag i desember opnar klokka 11.00 og varer til klokka 16.00.

Sunnylven Bygdekvinnelag sel både risgraut, kaffi og kaker i den minste salen under julemessa.

Desse deltek og stiller ut i år:

Stranda Blomster,                              blomster, julenek

Olav Asgeir Giske,                             ullprodukter

  1. klasse ved Sunnylven skule,     bær, kaker m.m.

Cecilie Fannemel,                              tupperware

Rigmor Røyr, Lefser,                         Strandabakelse

  1. klasse ved Sunnylven skule,     div. heimelaga

Janita Ulvestad,                                 Oriflame

Ragnhild Kristin Frøysa,                     Forever living

Gardskjøkkenet,                                 laks

Eivind Louis Helset,                            kalender, bilete

Jon Arild Snuruås,                              postkasse, bilder, diverse

Else Britt Sæter,                                 egne bøker

Lill Susanne,                                       nissar

Agnete,                                               strikk

Wenche,                                             treprodukt

Per Ingebrigt Karbø                            Kålrot, poteter, ved

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380