Juletombola med Sunnylven skulekorps

Søndag 3. desember inviterer leiinga i Sunnylven skulekorps til stor juletombola på Sunnylven samfunnshus. Same dag blir julegrana i Hellesylt sentrum tent.
Mellom 800 og 1000 små og store gevinstar kan leiinga i skulekorpset freiste med under årets juletombola fyrste søndag i advent der dørene opnar klokka 13.00. Det er berre å «tømme» minibanken og kjøpe masse rullelodd så kjem nok årets fyrste julegåve. Og husk, du støttar opp under arbeidet i eitt av Sunnmøres beste skulekorps.
På scena i samfunnshuset blir det også denne gongen utstilling av pepperkakebygg og trening av vinnarar mellom dei innleverte bidraga.
Og ikkje nok med det. Også kakebordet er velfylt så med ein kopp kaffi i tillegg kan det bli ein super søndagstart på den komande jula.
Ute på Ole Ringdals plass har kommunen rigga det flottaste juletreet i Hellesylt sentrum på mange år. Når klokka blir 15.30 skal ljosa tennast. Det er lite snø på Hellesylt no så der blir det høve til å gå runde på runde kring det flotte grantreet til juletonar frå skulekorpset.
Leiinga i Sunnylven skulekorps håper mange kjem så møt opp til juletombola og julegrantenning på Hellesylt søndag 3. desember.