Kalendar frå Storfjordens Venner

Høyberging på Møll i Geiranger prydar framsida på kalendaren for 2018 frå Storfjordens Venner. Den blir no i sal ved Stranda Bokhandel, og over helga ved Coop Marked og Joker på Hellesylt.

Storfjordkalendaren for 2018 er den 24 i rekka som verneorganisasjonen gjev ut. For kvar månad i året er den illustrert med historiske bilete, knytt til opplysande tekst av Harald Kjølås.

Biletet på framsida er det einaste i fargar der turrhøy på Møll blir bore i hus på ryggen. Eit sommarbilete av garden Vindesneset mellom Røneset og Søvika er illustrason til januar månad, i februar ser vi den gamle kløvstien mellom Oppland grense og sjøen, og vidare er bileta henta frå Dalsbygda, Tafjordulukka i 1934, og husbygging i området Elvasteinane i Geiranger.

I juni tek kalendaren oss med til innsteg i eit hus på Stordalsholmen, vidare er Brauta-Nelly avbilda etter ein tur på butikken i Eidsdal, og så kjem eit revletøya Me-Åkerneset i august.

For september finn vi bilete av eit britisk kongeskip i 1904, og vidare eit møte med Arne og Beate Tafjord, ein familie på Kleberget, og til sist eit nyare bilete frå Smogelia av Magne Flem.

I kalendaren er også eit oversiktskart over alle fjord- og fjellgardane Storfjordens Venner har utført vernearbeid ved sidan organisasjonen vart skipa i 1975. Det siste restaureringsprosjektet som vart feira var husmannsplassen Kurlå på Åsneset ved Hellesylt.

Storfjordens Venner har som motto «Vern vår arv» og er Norges største foreining innan kulturvern.

Utgjeving av årets kalendar frå Storfjordens Venner er støtta av fleire bedrifter. Kjøp kalendaren og støtt verneorganisasjonen.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380