Komiteen ønskjer avløysing
Arbeidsgruppa for Hellesyltdagane 2017 ønskjer alle avløysing. Det kom fram på oppsummeringsmøtet måndag.
Alle som har jobba i arbeidsgruppa for Hellesyltdagane ønskjer eit kvileår, opplyste leiar Svein Sporstøl til dei frammøtte på evalueringsmøtet måndag kveld. I tillegg til Sporstøl har desse vore med; Ann Kristin Langeland, Erik Torset, Åse Støverstein Ringdal, Per Ove Frøysa. Også Astrid Langeland, som har hatt jobben med å selje annonser til messeavisa ønska avløysing. Ho hadde lova annonsørane ei anna stemme i telefonen til neste år, sa ho!
Sporstøl har vore med i planlegging av Hellesyltdagane i ei årrekke, dei andre noko mindre og varierande i antall år.
Det var mykje jobb å vere i komiteen, sa Ann Kristin Langeland og la til; Det betyr ikkje at vi ikkje vil hjelpe til med komande arrangement, men det ville vere godt med mindre ansvar.
At alle ønska avløysing kom nok overraskande på dei frammøtte. Likevel, ingen ville legge ned Hellesyltdagane, men korleis ein skal organisere arrangementet og kven som skal ta jobben vart ikkje bestemt. Lag, organisasjonar og enkelpersonar vil bli invitert til eit allmannamøte før jul der organiseringa skal drøftast. Innkallinga til møtet ville årets arbeidsgruppe ta ansvar for.