Lokalnytt

Lysande «juletre» på Svarthammaren

På Svarthamaren 130 meter over Hellesylt sentrum er lyslenkene som formar juletreet montert og klare til tenning.

Hausten 2012 var eitt av samtaleemna i kaffikroken på Coopèn kor fint det hadde vore med eit juletre i terrenget ein stad i nærleiken av Hellesylt sentrum. Etter dagar med drøftingar fall valet på Svarthammaren. Å få til eit «juletre» der hadde sine utfordringar, men næringslivet på Hellesylt tok mot utfordringa med å skaffe til vegs lyslenker, straumkabel og anna som trongst.

Det lysande juksejuletreet skulle opp, jobben med å få realisert det oppkvikkande miljøtiltaket tok Arne, Åge og Arnfinn. Til advent 2012 lyste juletreet 130 meter på hammaren opp for sentrum for aller fyrste gong.

Torsdag, eller vel ei veke før advent vart «juksejuletreet» klargjort for sjette året på rad. Litt snø hadde lagt seg, men ikkje verre enn at det var råd å kome seg opp for å utføre jobben. Alle lyslenkene virka som dei skulle og deretter vart dei heisa til topps i den vesle flaggstonga og strekte ut.  Den lysande installasjonen var på plass, eit trivselstiltak som nok ei jul vil vere til glede for alle både på Hellesylt og i Sunnylven.

Alt lyste så flott under prøvetenning. Snart er det advent.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380