
Coop Marked, Hellesylt fekk tysdag installert ny automatmaskin for kaffi og anna drikke.
Den gamle kaffimaskina ved Coop Marked Hellesylt er skifta ut med ei ny Pelican Rouge, ei kaffi- og leskedrikkmaskin som leverer 15-16 variantar drikke og supper.
Det var Hallgeir Langvatn og Stian Langvatn som leverte og monterte maskina tysdag, ein populær modell som firmaet leverer i stort antall, fortalde dei to. Ved butikkar, kafear, bensinstasjonar, på båtar, i Sparebanken Møre og ved Helseforetak har det blitt montert 3400 maskiner rundt om i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal frå 1995 og fram til i dag.
Og ikkje nok med at maskina tilbyr fleire variantar varm og kald drikke, den vekslar også pengar om du ikkje har akkurat 15.- kroner, eller det kan betalast med kort.
Butikksjef Michelle de Vries ved Coop-butikken på Hellesylt håper at kundane, både faste gjestar i kaffikroken og andre blir fornøgde med ny-investeringa.