På fransk TV

Filmen startar på Øvljøsetra og sluttar med fisketur på Sunnylvsfjorden.

I ein fransk dokumentarfilm blir deler av Sunnylven og fjellgarden Øvre Ljøen presentert frå fjord til fjell. Ei oppleving i ei fantastisk natur som er sendt på fransk TV.

På slutten av filmen som vart sendt på fransk TV sist måndag blir vi kjent med folk og dyr på Øvre Ljøen. Oppe på Øvljøsetra saman med sauer og to av garden sine gjætarhundar møter Bente Bonsaksen og sonen Ole Hjalmar programleiar Phillippe Gougler som har sessa seg i «godstol» og nyt utsikta over fjord og fjell. Det er majestetiske toppar som rammar inn landskapet og imponerer den franske gjesten der ferja pløgjer Verdsarvfjorden på veg til Hellesylt.

Fisketur

Praten mellom vertskapet og Gougler går på engelsk, men i filmen er alt omsett til fransk. Nede frå sætra held eventyrfilmen fram på fjorden der Ole Hjalmar Bonsaksen er båtførar på fisketur på Sunnylvsfjorden. Sola mangla så Phililippe Gougler har kledd seg godt i motsetning til den norske rorkaren som berre har ei t-skjorte på overkroppen. Det ser ut til å imponere aldri så lite. Og dei får mykje fisk i garna, også av ein art som blir slept over bord igjen.

I Monaco

I filmen som vart sendt på Fransk TV3 måndag var dei siste tjuge minutta frå Øvre Ljøen og Sunnylvsfjorden. -At det kom med så mykje (frå 1.33.45) er vi svært glade for, seier Bente Bonsaksen som fortel at mannen Frank Ole var på jobbmøte i Monaco og såg opptaka frå heimetraktene med familien der. Det var litt spesielt, tykte han. Til liks med fleire synest ho det vart ein fin film, ei flott turistreklame som ho håper og trur vil vise resultat når ein ny turistsesong startar. Filmen ligg ute både på YouTube og på Bonseye, heimesida til garden på Øvre Ljøen.

Luer av eiga ull

No er det vedlikehald og førebuingar til ein ny sesong med nye gjestar på Øvre Ljøen fjellgard. Bente Bonsaksen ventar på ei sending strikkegarn av ull produsert på garden. Ho har sendt 30 kilo ull av pelssau til eit spinneri i Telemark og får 20 kilo grått, naturfarga garn tilbake. Det skal det strikkast luer og andre plagg av, seier Bente som med det har ordna seg nok vinterarbeid. Ho trur ho vil få meir ut av ulla i år enn i fjor då dei leverte 100 kilo ull frå garden og fekk eit oppgjør på 268.- kroner.

Sjå filmen: https://www.youtube.com/watch?v=VTaXwANmdpc

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380