Skikretsen med møte på Vestnes

Mari Støen Gussiås, fire frå venstre, opphaveleg frå Molde, men går no for Lillehammer skiklubb. Her saman med det britiske langrennlandslaget og trenarar. På møtet fortel ho om eigne erfaringar som langrennsløpar. (Foto: Privat)

 

Onsdag 8. november er det haustmøte og fagdag for langrenn med Møre og Romsdal skikrets som arrangør. Under møtet på Vestnes deltek Hans Hole frå Sunnylven IL.

Haustmøtet på Vestnes er eitt av dei viktigaste i året for klubbar og langrennsinteresserte, skriv Skikretsen i innbydinga. Både aktive og tillitsvalde er invitert. Programmet har fleire tema, er lærerikt, og her blir årets terminliste for langrenn vedteke.

Deler erfaring

I Sport 1 Tomra sin butikk får utøvarar møte langrennsløpar Mari Støen Gussiås frå Molde som no går for Lillehammer skiklubb og trenar med det britiske langrennslandslaget. Med deltakelse i U23 VM, to bronse frå NM i stafett og medlem av langrennslaget Team Veidekke Innlandet har ho skaffa seg erfaringar om utvikling og motivasjon ho vil dele under samlinga i møte med andre utøvarar. I haust har ho og klubbveninna Marte Bjørnsgaard trena med det britiske langrennslandslaget under to norske trenarar, Jostein Hestmann Viljerui og Hans Kristian Stadheim.

Program for haustmøtet

For klubbar, trenarar og tillitsvalde blir det haustmøte med saker frå langrennskomiteen. Mellom anna skal forslaget om terminliste langrenn vedtakast. Sunnylven IL er foreslege som arrangør av krinsrenn/SBM-cup 11. februar.

 Til handsaming blir;

*Rein klubb –antidopingarbeid i klubben

*Vedtak om forbod mot fluor opp til 17 år. Konsekvensar for årets sesong lokalt

*Gjennomføring av tiltak vedtatt på vårmøtet. (Smørehjelp, smøretips på nett. Open klasse. Familiearrangement. Reservearena)

*Godkjenning av terminliste sesongen 2017/18

*Andre saker

Under møtet blir det også innlegg av Marianne Myklebust om alternative arrangements- og aktivitetsformer, og av Pål Rise, utdanningssjef i Norges skiforbund om utviklingstrappa i langrenn.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380