«Staka» i gong skisesongen
Langrenn- og skiskyttargruppa i Sunnylven IL er klar for ein ny sesong. Torsdag kalla leiinga inn til møte der dei frammøtte fekk orientering om opplegget og svara på spørsmål.
Mange kom på fellesmøtet mellom langrenn og skiskyting i Sunnylven IL. Gruppene samarbeider tett denne sesongen og har hatt felles barmarkstreningar som starta opp i september på rulleski. Langrenn- og skiskyttargruppa har kjøpt inn rulleski som har blitt lånt ut til dei som ikkje har sjølve. Eit tretti talls unge løparar har delteke, og ventar no på snøen i Hyttehola.
Det var trenarane som kalla inn til orientering, til kick-off som det heitte i innbydinga til møtet på Sunnylven samfunnshus. Sesongen skulle «sparkast i gong» med orientering om opplegget, treningar og avtalar om kjøp av utstyr. Det er inngått avtale med G-sport Stranda om gode tilbod på ski ved kjøp i november.
Anniken Hjellbakk Hole, langrennsløpar og nestformann i styret for Møre og Romsdal skikrets leia møtet og orienterte. Ho er også trenar og deltok på eit trenar 1-kurs nyleg i regi av Sunnylven IL og skikretsen saman med fleire andre.
Grendadalen
-Vi er avhengig av snø for å bli gode på ski til sesongen med skiskyting og langrenn. Det kan bli aktuelt å legge treningar til Grendadalen i nabobygda om snøen ikkje kjem i Hyttehola. Men det blir også eit barmarksopplegg for dei som ikkje har lyst å reise så langt for å trene, sa Anniken Hjellbakk Hole som sa at det no også blir treningar i Hyttehola, med eller utan snø. Kor lenge treningane vil vare under vinterlege forhold i Hyttehola ville variere med temperatur, men ein time eller litt meir, vart det sagt.
Positiv utvikling
Magne Brekke er leiar i skiskyttargruppa. Han tykte at det som skjedde i klubben med så mange som trenar på rulleski var av det mest positive på mange år. Og han var sikker på at eventuelle vinterlege treningar ikkje ville skremme nokon. – Bli med ungane i Hyttehola og eg skal garantere at tida går fort og at dokke synest det er triveleg å vere der.
Treningar med langrenn- og skiskyttargruppa framover:
Måndag: Rulleskitrening i Hellesylt sentrum
Torsdag: Barmarkstrening i Hyttehola
Alle treningar startar klokka 18.00.
Når snøen kjem blir treningane i Hyttehola.