Tettpakka julekalendar for soknepresten
Med desember på kalendaren, adventstid og julehelg litt seinare blir det hektiske dagar for mange, også for soknepresten i Sunnylven og Geiranger.
Sokneprest Stein Karstensen gleder seg til adventstida og til jul sjølv om det blir lange dagar og reising til fleire møter og gudstenester enn vanleg. Kalendaren er tettskriven med oppdrag fram til nyttår, men slik skal det også vere, seier soknepresten i Sunnylven og Geiranger.
Pendlar
I tillegg til å vere sokneprest i eige sokn er han valt som leiar i fagforeininga for prestane i Møre bispedømme der møta er på Molde.
Stein Karstensen bur heime i Hjørungavåg og pendle ti mil kvar veg til og frå arbeidet på indre Sunnmøre. Det går fint, med ny el-bil og Eiksundtunnelen tek køyreturen til Hellesylt berre halvannan time. –Og då held eg til og med fartsgrensene, seier han.
Lysmesse i kyrkja
I desember blir det fleire gudstenester i kyrkjelydane han er tilsett i. I Sunnylven startar advent med lysmesse søndag 3. desember klokka 16.00 der både konfirmantane og ungdomskoret Joyful deltek. Onsdag 6. desember er det gudsteneste på Sunnylven omsorgssenter klokka 11.oo, og her er alle, både bebuarar og andre velkomne, seier Stein Karstensen.
Søndag 17. desember er det så julekonsert i Sunnylven kyrkje der publikum får høyre det beste av song- og musikkrefter i Sunnylven, noko som skulle borge for ein flott konsert.
Glade i kyrkja
På julaftan er det fyrst gudsteneste i Geiranger og klokka 16.00 er det familiegudsteneste i Sunnylven kyrkje. Sunnylvingane er flinke å gå til kyrkje, seier Karstensen og på julaftan er det ekstra fullt i kyrkjebenkane, noko som gleder soknepresten. I tillegg til fastbuande i Sunnylven brukar også mange av dei som er heime på juleferie å kome til kyrkja. –Det er så flott å oppleve, eg trur dei er glade i kyrkja dei har vakse opp med, og i tillegg trur eg dei kjem for å få høyre julebodskapen, det som er sentralt for julehøgtida.
Under familiegudstenesta julaftan blir det kjende og kjære julesongar i kyrkja , og i tillegg stiller både ungdomskoret Joyful og Sunnylven skulekorps opp for at den gode julestemninga skal bli kveikt.
Fakkeltog
På fyrste juledag er det høgtidsgudsteneste i Sunnylven kyrkje klokka 12.00, ein time seinare enn den mest vanlege kyrkjetida. Og nyttårsaftan blir det som tradisjonen har vore å gå i fakkeltog frå Hellesylt sentrum klokka 20.30 til ei kort samling i kyrkja etterpå.
Julemat og gåver
Sokneprest Stein Karstensen feirar julekvelden heime i Hjørungavåg saman med kone og andre familiemedlemer. Vi fretta han litt om kva som kjem på festbordet heime hos presten vår på julaftan. – Kona mi er sunnmøring så ho skal ha pinnekjøtt, men eg er vand med medisterkaker og ribbe, så heime hos oss blir det litt av kvart, med andre ord fleire sortar.
Vårt siste spørsmål til sokneprest Stein Karstensen er kva julegåve han ynskjer seg. –No har eg fått meg ny bil så eg har vel fått ei bra gåve der. Elles er eg ikkje så oppteken av julegåver, men får eg ei lita gåve, ei som overraskingar meg og der det ligg ein god personleg tanke bak, det ville vere hyggeleg og glede meg aller mest.