Lokalnytt

Toppturar auka mest

Ein tur i Vatnedalen er ei fin naturoppleving, men posten var minst besøkt med berre 89 noteringar i 2017.

Registreringar ved Sunnylven IL sine 25 trimpostar viser ein nedgang på tre prosent, eller 408 oppføringar mindre i 2017 enn i fjor. Mest besøkte post var Shell-kaia med 1950 noteringar.

Det blir framleis trimma mykje, både høgt og lavt i Sunnylven. I alt 25 postar frå Shell-kaia to meter over havet til Nokkenibba 1380 meter høg hadde totalt 12812 besøk i 2017. Det er ein liten nedgang frå året før på 408 besøk, eller 3.0 prosent. Sommaren var kanskje ikkje av dei beste vermessig, noko som kan vere årsak til nedgangen.

I alt 16 postar har hatt mindre og ni har hatt auka besøk frå 2016. Og det var dei høgstliggande postane som auka mest, Steimsnibba (1286 o.h.) med 41.0 prosent, Nokkenibba (1380 o.h.) med 35.5 prosent, og Sendaren Ringdal (302 o.h.) 28.4 prosent.

Størst nedgang var det på Høgane (575 o.h.) 57.1 prosent, Vatnedalen (802 o.h.) 46.3 prosent, og Sætre-setra (680 o.h.) 40.2 prosent.

   Trimpost Antall besøk 2016 Antall besøk 2017 % endring frå i fjor
Sendaren Ringdal 1134 1456 28,40 %
Stegholen 1483 1070 -27,80 %
Nestevatnet 1428 1302 -8,80 %
Shell-kaia 1644 1950 18,60 %
Ljøbrekka 962 1075 11,70 %
Skaret 659 549 -11,70 %
Karbømarka 746 714 -4,30 %
Høgane 280 120 -57,10 %
Tronstadsætra 375 337 -10,10 %
Kjellstaddalen 754 734 -2,70 %
Hellebostadmarka 557 624 12,00 %
Skihella 146 107 -26,70 %
Berga 699 599 -14,30 %
Svarthammaren 417 376 -9,80 %
Steimsnibba 202 285 41,00 %
Åsenakken 325 229 -29,50 %
Vatnedalen 166 89 -46,30 %
Liadalen 168 215 27,90 %
Haugedalen 134 96 -28,30 %
Holedalen 172 115 -33,10 %
Sætre-sætra 169 101 -40,20 %
Fedalen 103 121 17,40 %
Fagredalen 125 91 -27,20 %
Nausane 253 296 17,00 %
Nokkenibba 119 161 35,30 %
Totalt antal besøk 13220 12812 -3,00 %
Trimposten ved Nedstevatnet hadde også nedgang, men vart tredje best besøkt i 2017 med 1302 noteringar.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380