Triveleg på førjulstreff

Tysdag 14. november var det førjulstreff på Sunnylven bibliotek. Svært mange kom for å låne bøker, prøve vinnarlukka på tombola og smake på gode kaker.
Det var gledeleg stort frammøte då styret i Sunnylven bibliotek inviterte til førjulstreff midt i november. Ein gong til, 5. desember blir eit liknande arrangement.
-Kjekt at så mange kom, at vi treffast, og så blir det litt til drifta av biblioteket også, sa styreleiar Synnøve Sæther. Ho er inne i sitt fyrste år som leiar i bibliotekstyret og det går greitt. Ho kunne tenkt seg meir plass for bokreolane og for dei som kjem for å låner bøker, fått det litt koselegare, sa ho. Kanskje kan det rette seg med åra. Det ho og fleire håper er at Sunnylven bibliotek får ein god plass i Sunnylven skule når den står ferdig renovert.
På førjulstreffet tysdag kom det inn 2.400.- kroner.