Lokalnytt

Baud på servering og kjende juletonar

Daglegstova var nær fullsett då Sunnylven skulkorps opna adventsstunda med å spele kjende og kjære juletonar.

Dei fleste bebuarane ved Sunnylven omsorgssenter og mange pårørande var samla til adventstund med Sunnylven sanitetslag som vertskap laurdag. Det vart ein triveleg ettermiddag for alle.

Det måtte ekstra stolar til kring borda for at alle skulle få plass då Sunnylven sanitetslag inviterte til sitt faste adventstreff på Sunnylven omsorgssenter. Samlinga som vart eit par timar inneheldt både juletonar, bevertning og mykje godt prat.

Det var Sunnylven skulekorps som opna festen med å spele kjende og kjære juletonar. Wenche Høgalmen Ringdal var dirigent og ho annonserte musikkinnslaga. –Vi synest det er veldig kjekt å få kome hit og spele. Det har blitt ein tradisjon som vi håper kan fortsette, sa Wenche. Under minikonserten spela korpset fyrst «Deilig er den himmel blå» og heldt fram med «Deilig er jorden», «Glade jul» og til slutt «No tennes tusen julelys».

Leiar i sanitetslaget, Kari Hauso Stadheim ønska vel møtt til nok ei adventsstund. Ho takka skulekorpset som tok turen for å «tende» det fyrste julelyset på «heimen»med julesongar nok ein gong. –Vi er så stolte av korpset og set så stor pris på at De stiller på, sa ho og overrekte ei lita pengegåve for innsatsen. Sanitetslaget hadde med gåve også til omsorgssenteret, tre asalia-blomar, ei til kvar etasje.

Så var det klart for kaffi, blautkake og smørbrød med egg, sild og fleire sortar kjøttpålegg, mellom anna gullvara ribberull frå Ole Ringdal AS.

Anna Jorunn Ljøen er bebuar på Sunnylven omsorgssenter. På vegne av alle bebuarane takka ho så mykje sanitetsdamene for det dei hadde stelt i stand, for ei triveleg adventsstund, god servering og underhaldning. –Tusen takk, sa Anna Jorunn Ljøen.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380