Besøk av nisse og nissekorps på Hellesylt
Svarthammarnissen kom som annonsert til Hellesylt sentrum laurdag der også nissekledde musikarar i Sunnylven skulekorps møtte fram og spela julemusikk.
Det vart triveleg julestemning for mange i fint vinterver på Hellesylt laurdag. Der inviterte både Sunnylven skulekorps og Sunnylven Idrottslag handlande til å prøve vinnarlukka gjennom loddkjøp både på snurrelodd og vanlege loddbøker.
Mest stemning vart det då Svarthammarnissen dukka opp, presis klokka 13.30 som lova. Gjennom laussnøen kom han vassande mot skulen, og som ved sjeldne besøk venta den raude løparen og ikkje minst ein god, varm stol på gjesten. Det trur vi nissen sette pris på, det er slitsamt å ta seg fram i laussnø.
Mange nytta høve til å skrive sine ønske til nissen som dei kunne legge i ei ønskekasse. Om nokon får ønska oppfylt får komande dagar vise.
Julestemninga vart ikkje mindre då musikantane i Sunnylven skulekorps dukka opp. Etter øving i kyrkja og julekonsert søndag 17. desember, kom musikarane til skulen der korpsleiinga venta med risgraut til alle. Etterpå vart det julemusikk å høyre, fyrst ved nissen sin stands ved inngangen til skulen, og seinare på butikkane Coop og Joker.
Sunnylven har ein verdfull kulturskatt i skulekorpset sitt. Årleg er det utskiftingar av musikarar av ulike grunnar, men nye kjem til, slik også dette året.
Korpset har hatt stabil styring av leiing og dirigent i Trond Otto Berg. Mykje av æra fell nok på dirigenten, men han vil ikkje ta æra åleine. Mange har gjort mykje for å få til det Sunnylven skulekorps har blitt. Den høge musikalske standarden har blitt til gjennom innsats og samarbeid mellom mange, seier Trond Otto Berg. Han rosar musikantane, ikkje minst juniorspelarane som har blitt svært gode og stødige på kort tid.
Søndag er det konsert i Sunnylven kyrkje med det beste av song og musikkrefter i Sunnylven. Mellom dei er skulekorpset.
Og kva får publikum høyre frå korpset under julekonserten?
Med jul blir det julemusikk, men julemusikk er så mangt, seier dirigenten og fyrer opp interessa vår nokre ekstra hakk.