Bra hjortejakt i kommunen

Hjortestamma i Stranda kommune er stor. Her ein flokk på Hauge i Sunnylven.

Framleis går over 200 hjort i frykt for å bli skotne i Stranda kommune. Av i alt 899 tildelte løyver er 685 felt så langt viser fellingsresultatet fram til fyrst i desember.

Hjortestamma i Stranda kommune har vakse og er i største laget. I ein kommentar til hellesylt.info i september håpa sekretær i Viltnemnda i Stranda, Asle Johan B. Konnerth at jegerane skulle greie å felle minst 700 av den tildelte kvota på 899 dyr. No viser statestikken på kommunen si heimeside at dei nesten har nådd målet med 685 felte dyr.

Mindre slaktevekter

Skogbrukssjef Asle Konnerth er med og fører statestikk over hjortejakta i Stranda. -I kommunen er der for mykje dyr så vi registrerer ein nedgang i slaktevektene på i snitt ein kilo. Også tal på felte skrapedyr ser ut til å auke. I fjor var det innrapportert 22 prosent skrapedyr medan det i oktober var kome opp i 25 prosent, seier sekretæren i Viltnemnda som presiserer at tala ikkje er endeleg og kan ha endra seg.

Når målsetjinga

Han synest det er bra om ein når målet om 700 felte dyr i år, gjerne også fleire. Det blir innrapportert nye mest dagleg og tre dagar etter fellingsrapport 4. desember var talet kome over 690. Asle Johan B. Konnerth opplyser at siste jaktdag er vesle julaftan 23. desember.

Hjortestamma i kommunen er stor og mange av valda ynskjer å skyte meir for å få ned bestanden. Om det blir delt ut fleire løyver neste år er usikkert. Konnerth vil i alle fall ikkje spå om det. – Det blir ein diskusjon for antall hjort varierer ein del frå vald til vald.

Syltevik med null

Langedalen hjortevald er det største i kommunen med 183 løyver. 26 kalvar, 33 halvanna år gamle og 51 eldre hjortar er skotne, til saman 110 dyr og ein fellingsprosent på 60 fram til 4. desember.

Ut frå fellingsresultata så langt ser ein at av større hjortevald er det i Oaldsbygda felt 26 dyr (130 %), Liabygda 57 dyr (114 %), Geiranger 35 dyr (106 %), Helstad 77 dyr (103 %), Nedre Sunnylvsbygda 63 dyr (103 %).

I Stranda kommune er det 17 hjortevald. I alle med unntak av Syltevik er det skote dyr. Hjorteløyver på to dyr lever framleis i beste velgåande der.

Sjå fellingsresultatet her: https://www.stranda.kommune.no/Handlers/fh.ashx?MId1=299&FilId=68

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380