Feirar solsnu i kjøleg badevatn

Hellesylt Ungdomslag inviterer til solsnu-bading, eit friskt julelaug på badestranda torsdag 21. desember.

Det er vintermånaden desember og tradisjonen tru inviterer Hellesylt Ungdomslag til ein dukkert i sjøen same dag som sola «snur». Temperaturen på badevatnet er neppe mykje over 10.0 grader så julelauget blir nok av det kjølige slaget, vil vi tru.

Om namnet sol kjem til å lokke mange til ein dukkert torsdag er vel usikkert. Sola er borte på badestranda no, men i yr glede over at ho dukkar opp igjen ein gong i februar kjem fleire til å hoppe i sjøen.

Hellesylt Ungdomslag inviterte til solsnu-bading fyrste gongen i 2014. Då fekk arrangementet 14 personar ut i sjøvatnet i varierande tidslengd.

I år snur sola, som det blir sagt klokka 17.28 torsdag 21. desember, same dato som det fyrste året. Det blir servering av peparkake og julemanna, gløgg og varm saft til alle, står å lese i innbydinga.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380