Flott julekonsert i Sunnylven

Ungdomskoret med dirigent Kristin Storstein, felegruppa, Bertine Lade gitar, og Gunnar Inge Eide piano.

Mange fann vegen til Sunnylven kyrkje tredje søndag i advent. Der baud song og musikkrefter i Sunnylven på julekonsert nok ein gong.

Julekvelden kom ei veke tidlegare enn annonsert på kalendaren i år. Slik opplevde nok mange søndag 17. desember då song og musikkrefter i Sunnylven inviterte til den årlege julekonserten i Sunnylven kyrkje. Det vart ei oppleving av dei gode, ei juleglede friskare og vakrare enn noko blomster og der ingen merka at gostolen heime var bytta ut med litt bratte og harde kyrkjebenkar.

-Vi er få, men vi er gode, sa Stig Tryggestad. Han snakka om aktørane som nok eit år stilte på og fylte Sunnylven kyrkje med julemusikk. Tryggestad takka aktørane for ei ny, flott song- og musikkoppleving og på vegne av Sunnylven sokneråd og kyrkjelyden overrekte han blomster til leiarane for songlaga og musikarar.

Sunnylven skulekorps, dirigent Trond Otto Berg.

Fyrst ut under julekonserten var Sunnylven skulekorps under sin faste dirigent Trond Otto Berg. Korpset opna med eit potpori over fleire julesongar, og deretter fire til, mellom dei «Reisen til julestjernen». Eit julerepertoar på eit musikalske nivå som igjen imponerte ein amatør mykje.

Konserten heldt fram med nye innslag nær det profesjonelle. Nytilsett lærar i Stranda kulturskule, Evgenij Zhukov framførte «Andante», eit musikalsk verk for fløyte og med Gunnar Inge Eide orgel. Litt seinare kom ein ny flott solistprestasjon med kulturskulerektor Trond Otto Berg på pikkolo-trompet og med Eide på orgel.

Felegruppa med leiar Synnøve Hjellbakk Hole til venstre.

Under Synnøve Hjellbakk Hole si leiing var også felegruppa på plass og bidrog til variasjon i innslaga og spela mellom anna Bjørn Eidsvåg sin «I en natt», før dei etterpå  gav tonefylje til ungdomskoret Joyful med solistar, saman med Bertine Lade på gitar og Gunnar Inge Eide piano.

Evgenij Zhukov på fløyte og Gunnar Inge Eide orgel.

Dei mange frammøtte som fylte godt opp i kyrkja søndag kveld fekk også synge med, fyrst i julesongen «Eg synger julekvad» og til slutt alltid mektige «Deilig er jorden».

Sist ut under julekonserten var prosjektkoret frå Hellesylt songlag. Kvar haust blir det mobilisert til øving for julekonsert i kyrkja. Antall songarar i koret er nok ikkje som i «gamle dagar», men tretten songarar og med Oddbjørg Stadheim og Kristin Storstein som solistar var det «sølvpusset» som blenkte ein flott kveld med Sunnylven sine utruleg dyktige song og musikkrefter. Det vart eit verdig punktum på nok ein gild julekonsert i Sunnylven kyrkje.

Kulturskulerektor Trond Otto Berg spela på pikkolo-trompet.

Prosjektkoret med solistar frå Hellesylt songlag.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380