Førjulstreff på Gamleskulen

Sist laurdag var det førjulstreff på Gamleskulen på Hellesylt. Vel tretti personar kom innom i løpet av tre timar.
Leiinga i Gamleskulen aktivitetsmuseum inviterer unge og eldre på treff i den gamle skulestova fleire gonger i året, gjerne med ei utlodding og sal av kaffi og noko å bite i. Gamleskulen blir også brukt av Sunnylven skule i enkelte undervisningstimar,
Sist laurdag var det adventstreff i ei julepynta skulestove med julelenker av kreppapir laga av elevar frå mellomsteget. Det vart fyrt i omnen og med levande lys vart det rett så koseleg inne på ein litt slubbete andre laurdag i advent. Ei utstilling av julekort frå eldre dagar og nissar i fleire variantar vart også studert av fleire. Og kaker og kaffi gjekk unna saman med restane av sommartombolaen der alle lodd fekk kjøparar ganske fort.
Det vekkjer nok minner for mange som stig inn døra til Gamleskulen på Hellesylt. Huset var i bruk som skule i vel femti år før nyeskulen Solborg kom. For tre år sidan var Gamleskulen i heller dårleg forfatning, men med heilt nytt tak, nye beslag og utskifting av anna råteskada materiale og ikkje minst nymåla hus utvendig, står den gamle skulestova frå 1898 fram i svært god stand. Eit verdfullt skulemuseum der «gamle dagars» inventar og undervisningsmateriell er på plass.