Fylkesveg 60 sperra eit par timar

To vogntog frå kvar si retning hamna i grøfta øvst i stigninga opp frå Helgesvingen på fylkesveg 60. Det vart rekvirert bergingsbil frå Stryn, og i 18-tida, etter om lag to timar, kunne endeleg dei fyrste bilane sleppast gjennom. Nokre personbilar hadde i mellomtida nytta seg av ei omkøyring oppe i bustadfeltet.
Det var svært glatt vegbane der uhella skjedde, og politi på staden presiserte at begge vogntoga var utrusta med gode vinterdekk. Etter kvart samla det seg lange køar i begge retningar, medan bergingsbilen frå Stryn jobba med å få drage opp den eine traileren. Mest fremst i køa stod rutebussen frå Stryn til Ålesund. Sjåføren tok ventetida roleg. På spørsmål om kor mykje forseinka han var, kom det lune svaret: Om tre minutt reiser eg frå Sykkylven!