Lokalnytt

Har open kaffibar

Ellen Fivelstad har open kaffibar i helgane. Legg merke til den nye og ekte peisen ho har fått montert. Den blir fyrt med peiskubbar.

Til fyrste helga i advent har Hellesylt Boutiqe & Bar opna. Også dei neste helgane og i romjula kan kaffitørsten bli tilfredsstilt der.

Hellesylt Boutiqe & Bar er blitt kjent heilt til utlandet. Laurdag fekk Ellen Fivelstad besøk av eit engelsk ektepar som ferierer på Storfjord Hotell på Glomset. Dei hadde høyrt om den gode kaffien på kaffibaren og tok turen til Hellesylt for å smake.

Langt har også kaffiharen reist. Han har vore innom Israel og er no på tur til ein ny verdensdel. Kvar han reiser vil ikkje Ellen Fivelstad røpe, det kan lesarane tippe på sjølve. Gå inn på facebook-sida til Hellesylt Boutiqe & Bar og les og kommenter. Vedkomande som blir uttrekt med rett svar vil ha fritt val til servering av ein gratis kopp kaffi, seier Ellen.

Hellesylt Boutiqe & Bar kan også tilby fleire fine julegåver. Julegåvekort på ti koppar kaffi der to er gratis burde vere populært å få. Kaffibaren har julegåva som mange blir glade for å få.

Kaffiharen er ute på reise. Han var nyleg i Israel, men kvar er han på veg no?

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380