Hellesyltdagane manglar arbeidskomité

Det skal bli Hellesyltdagar også i 2018 sjølv om arbeidskomitéen for dagane ikkje kom på plass under folkemøtet tysdag kveld.
Alle i den «gamle» arbeidskomitéen for Hellesyltdagane ynskjer avløysing og det skaper utfordringar. «Det er ikkje lett å hoppe etter Wirkola» heiter det, eit uttrykk som også kan brukast når den dyktige arbeidskomitéen for Hellesyltdagane går av og skal erstattast med nye personar.
Viktig tilskot til lagsarbeid
Sjølv om det går mot utskiftingar av komitémedlemer treng ingen vere redde for å ta på seg jobbar, sa leiar i den tidlegare arbeidskomiteen, Svein Sporstøl. Han meinte at arrangementet var godt innarbeidd, dagar som var god marknadsføring for bygda. Sporstøl håpa no at nye krefter ville stille på og om dei ville, gjerne gjere ting på nye måtar. At medlemer i årets komité no ønska å trekkje seg betydde ikkje det at dei ikkje ville hjelpe til. Kanskje kunne dei også overtalast til å halde fram. -Helga med Hellesyltdagar er viktig. Totalt set laga og andre att med rundt ein halv million kroner, så det må bakast mange kaker for å oppnå eit liknande resultat, sa han
Fire hovudfelt
På møtet tysdag kveld vart det lagt fram eit forslag til organisering av ansvarlege for dei ulike tilstellingane under sommarfesten, ein modell med fire hovudfelt i arbeidet.
Teknisk: Omfattar dans, stands, trafikkavvikling, rigg/rydding.
Program/aktivitetar: Omfattar kyrkjekonsert, utescene, andesleppet.
Marknadsføring: Omfattar sommardagavis, sosiale mediar.
Sekretær: Omfattar budsjett, fellesprosjekt, Hellesylt Rekneskap.
Få på møtet var førebudde på å ta på seg jobbar, modellen til organisering kom kanskje litt overraskande på dei frammøtte. Men to felt fekk leiarar, Michelle de Vries tok leiarjobben for marknadsføring, og Inge Bjørdal i sekretær.
Vil ha namn
Det blir nytt folkemøte for å fylle alle verva tidleg i januar. Fram til jul er oppmodinga til lag og organisasjonar å kome til den gamle arbeidskomitéen med namn på personar som øskjer å gjere ein jobb for Hellesyltdagane. Til fleire namn, til lettare er det å setje saman komitéar og undergrupper, vart det konkludert med før møtet vart heva.