Hoppa i sjøen ved solsnu

Mørkt og kaldt var det, men ein dukkert vart det likevel ved solsnu torsdag 21. desember.

For fjerde år på rad og på fjøre sjø hoppa 15 unge og eldre i sjøen ved badehuset på Hellesylt. Alle kom velberga i land.

Det var både mørkt, kaldt og regn i lufta, men femten tøffingar hoppa likevel i sjøen til solsnubading på Hellesylt torsdag. Om det var gleda over at det går mot ljosare tider eller om jubelropa kom på grunn av badetemperaturen veit ikkje vi. Det vart korte symjeturar på alle i sjøvatnet målt til 8.5 grader 21. desember klokka 17.28.

Vel på land kunne alle varme seg ved arrangør HUL si bålpanne der det også vart servert peparkaker, julemanna og varm drikke.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380