Lokalnytt

I lære som slaktar og pølsemakar

To unge jenter som satsar litt utradisjonelt i yrkesval, Madelen Frøysadal Hauge til venstre og Olene Lade.

Madelen Frøysadal Hauge og Olene Lade, to lokale jenter er lærlingar ved Ole Ringdal AS, den eine som slaktar og den andre som pølsemakar.

Madelen og Olene gjekk to år ved matfag, Stranda vidaregåande skule. På vegen ut i yrkeslivet valde dei matvarebedrifta Ole Ringdal AS i heimbygda. Dei søkte og fekk lærlingplassar, den eine ville bli slaktar og den andre pølsemakar. Der blir dei i to år der dei også arbeid ved andre produksjonslinjer.

Tore Rusten er kvalitetsansvarleg ved Ole Ringdal AS og rosar dei to unge lærlingane for god jobbing. – Vi håper sjølvsagt at dei blir i bedrifta, for vi treng ung lokal arbeidskraft så vi vil gjerne behalde dei også etter at lærlingtida er over, seier Tore Rusten.

Så langt har det gått fint og dei trivast sjølv om arbeida dei har valt er svært mannsdominert. I slakteriet er ei jente til, fortel Madelen. Ho har slaktar og klassefisør Kurt Erik Sundgot som sin mentor. I jobben har ho fått lære å bruke det ho vil av slakteutstyr.

Eit slakteri er ofte ein tøff arbeidsplass både fysisk og visuelt. Her må ein tole å sjå blod både på veggar og klede, noko enkelte besøkande ikkje har greidd, fortel Rusten. –Vi har hatt folk på omvising der dei har snudd i døra, ja enkelte har blitt så uvel at vi har hjelpt dei ut igjen.

Slik reagerer ikkje Madelen, 18-åringen som skaut fire hjortar under jakta sist haust. Men ho vedgår at det kan gjere henne litt mjuk kring hjartet når små kje og lam må bøte med livet. -Det kan vere litt vanskeleg, men det blir mat og det må vi ha, seier Madelen.

Frå slakteriet endar mykje av kjøtet i hakkaren og kverna som Olene har lært seg å bruke. Ho skal bli pølsemakar som læremeisteren hennar ved Ole Ringdal AS, Bjørn Tryggestad. Frå denne produksjonslinja er Olene med og leverer kjøttdeig og mange andre sortar kjøttfarse som blir til pølser og pålegg. No i tida før jul går det mykje av kokmør, eit produkt som kjøttvarebedrifta fekk gullmedalje for under NM i kjøttprodukter sist haust. Olene har ein dyktig mentor i Tryggestad og synest ho har lært mykje.

Madelen og Olene spelar på damelaget til Stranda / Sunnylven, to gode spelarar som håper det blir lag også neste sesong. Dei er begge klare til å satse, seier dei, for no blir dei ved Ole Ringdal AS, som bedrifta sine aller fyrste lærlingar nokon gong, i alle fall i to år som er praksistida.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380