Isak til topps i Oslo Open.

Isak Frøysadal Hauge (Foto: DSF)

Isak Frøysadal Hauge gjekk heilt til topps i klassa rekrutt i Oslo Open som vart arrangert i helga. Han skaut 354.0 og var 0,1 poeng framfor regjerande Norgesmester i rekrutt, Caroline Finnestad Lund frå Søgne. I følgje skytingsunnmore.com var Isak den 5 beste skytaren under 18 år trass i at han kun er 13 år.

Nordstrand skytterlag er arrangør for Oslo Open som i år sette deltakarrekord med heile 1110 påmelde. Også Martine Sve frå Stranda skyttarlag gjorde flott innsats og vart nummer 4 i klassa eldre rekrutt med 354,5 poeng.

Du kan lese meir frå Oslo Open her:

https://www.skytingsunnmore.com/single-post/2017/12/03/Isak-vant-toppstevnet

http://nordstrandskytterlag.no/osloopen/

 

Gunnar Sårheim Fivelstad

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info