Jule-quiz på Hellesylt

I fjor kunne Quis-master Arild Ringdal til venstre utrope dette laget til vinnarar av jule-quizen på Peer Gynt galleriet. Stiller dei og er dei like gode i år??

På Hellesylt blir det julequiz 3. juledag, onsdag 27. desember. Då opnar Peer Gynt galleriet dørene for juletreff med kunnskapstest og underhaldning.

Jula er tradisjon og med det høyrer Quiz på Peer Gynt galleriet. I år blir den uhøgtidlege kunnskapstesten avvikla tredje juledag, opplyser quiz-master Arild Ringdal. Saman med sin faste hjelpar Egil Røyrhus inviterer dei no til påmelding til arrangementet der det også blir underhaldning av trubadur.

Arrangøren ønskjer helst påmelding på SMS til Arild, mob. 906 82 399. Dørene opnar klokka 18.30 og Quiz-en med 40 spørsmål om ulike tema startar ein time seinare.

Det blir rabatt på inngangsbillett for ungdom under 18 år, og eigne prisar for quiz med og utan underhaldning av trubadur, opplyser Arild Ringdal.

Arild Ringdal håper på 20 lag med max seks på laget. Påmelding er i gong, men quiz-master saknar påmelding frå eit par tidlegare vinnarlag, men håper at det skal tikke inn melding også frå desse på SMS før fristen 1. juledag.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380