Lokalnytt

Kjekke dag ved skulen

Sanitetsdamene som pynta og serverte godt måltid til alle på skulen. Frå venstre Ruth Tronstad, Britt H. Hauge, Kirsten Gjørvad, Liv Hellebostad, Sonja Hole Lillebø, Anne Gausdal og Ruth Nygård Frøysa.

Det var ein kjekke dag på Sunnylven skule tysdag. God servering, vakker Lucia-song og mykje fint å ta med heim laga på juleverkstad.

Frå morgonen av og heile skuledagen var det stor aktivitet på fleire av klasseromma på Sunnylven skule tysdag. Med juleverkstad og i tillegg Lucia-markering og lunsj-servering frå sanitetsdamer vart 12. desember ein ekstra kjekke dag.

Vi gjorde runden rundt om på skulen og som vanleg desse dagane fekk vi sjå mykje fint og spanande. Her fekk unge «nissar» velje mellom fleire ting å lage, store og små juledekorasjonar i fleire variantar, juletre av pinnar, nissar i mange fasongar, og andre ting. Og på skulekjøkkenet var bakarane i svig med julebaksten.

Aktiviteten var stor, men i det lange matfriminuttet stoppa jobbinga. I den vesle salen i samfunnshuset var det dekka til dei knappe 80 elevane og tilsette med sunn og næringsrett mat av damene frå Sunnylven sanitetslag. Dei var på plass også i år slik tradisjonen har blitt og på borda kom grovbrød med brun og gul ost, fårepølse, og frukt. I tillegg gjekk med 30 liter kakao og nokre kanner kaffi.

Luciatoget frå 1. og 2. klasse stilte med kvite kapper, lys, lussekattar og vakker song

Rektor Roar Seljeset ønska alle til bords, til det som har blitt tradisjon i storefri denne dagen, sa han. Han rosa dei flinke elevane i fyrste og andre klasse som toga inn i salen med lys i hendene og song så flott i høve Lucia-markeringa. Etterpå delte dei ut lussekattar til alle.

Ikkje minst rosa Seljeset sanitetsdamene som nok ein gong stilte på og serverte gratismåltidet. -Sjølv har eg jobba ved skulen i 20 år og alltid har sanitetsdamene stilt på under juleverkstaden. Sunnylven sanitetslag er over hundre år og har jobba for helse og velvære for alle i bygda. For skulen har det gjeve seg utslag i eit godt måltid, sa Roar Seljeset som fekk «kjøkkendamene» inn til ein velfortent applaus som takk.

Under juleverkstaden på Sunnylven skule var det seks postar. Også rektor var innom ein av postane med ei hjelpande hand, men hadde også administrative gjeremål denne dagen. Han hadde inntrykk av at det hadde gått fint alle stader. –Har elevane det kjekt har det vore ein kjekke dag, sa Roar Seljeset.

Frå ein av postane der det vart laga dekorasjonar med blide nissar.

Bildegalleri frå juleverkstaden:

[metaslider id=19896]

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380