Kristine Hjellbakk Hole vann suverent

Kristine Hjellbakk Hole, til høgre på bildet var einaste løpar frå Sunnylven IL då langrennsesongen starta opp i Valldal. Kristine gjorde som ho slutta sist sesong, vann suverent. (Foto: Hans Hole)

Kristine Hjellbakk Hole, Sunnylven IL opna med suveren siger og beste tid mellom damer då langrennsesongen starta opp i Valldal laurdag.

Langrennsesongen opna i Valldal laurdag 16 desember. Rennet skulle etter planen gå på Bjorli, men då det låg ann til mange kuldegrader der flytta arrangør Emblem IL til Valldal. Rundt hundre løparar frå heile fylket deltok i rennet som også var der andre i Sparebanken Møre Cup 2017 / 2018.

Frå Sunnylven IL stilte berre Kristine Hjellbakk Hole til start denne gongen. Ho representerte klubben på ein framifrå måte og viste at ho blir vankeleg å slå, i alle fall i lokale renn. Eit treningsavbrekk grunna brot i eine handa i haust har tydeleg vis ikkje sett forma vesentleg tilbake.

I Valldal var ho einaste deltakar i J 16 år, men sluttida over 5.0 km. på 14.41 var den beste uansett klasse mellom damer. Også vinnar av K 19/20, Rikke Gjeitnes Dahle, Moi var 16 sekund for seint ute.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380