Lokalnytt

Lystig drama med HUL-teatret

Jenny ordnar slipset før Rasmus dreg i bryllaup til fadderbarnet sitt. Veninna Ruth ser til at slipsknuten blir bra.

-Det som gleda meg mest i jula er når vi røyser oss i kyrkja og syng Deilig er jorden, og når sceneteppet går frå for ei ny HUL-framsyning.

Om lag slik ordla Geir Frøysa seg då han ønska over 200 vel møtt til romjulsframsyning med HUL-teatret 4. juledag.

Og dei frammøtte i Sunnylven samfunnshus fekk trimma magemusklane i løpet av den vel timelage framsyninga. «Her går det for seg» heitte komedia sett på papiret av Arnljot Grimstad.

Syt for merra

I komedia og den største rolla møtte vi enkjemann Rasmus Hagen, spela av Knut Dag Langeland. Han og Jenny, ei giftesjuk dotter spela av Marianne Fivelstad bur på småbruket der merra på garden er samtaleemnet og som Rasmus har mest syt for då merra er sjuk og skrantande. Jenny ho håpar på at den rette karen skal dukke opp og ho foreslår å kjøpe bil så ho kan farte litt rundt. Det vil ikkje Rasmus, han skal spare til traktor, for merra kan døy snart. I ledige stunder skriv han på ei tale han skal halde i bryllaupet til eit fadderbarn.

På sofaen går det hett føre seg mellom Jenny og pikkoloen på besøk, og Rasmus blir rasande.

Bymanerar

Etter kvart blir vi kjent med fleire unge folk i stova, Ruth (Linn Kammen), ei veninne av Jenny som har vore i byen og lært seg fine manerar. Ho har funne seg ein kjæraste, Petter (Lasse Langlo) som er pikkolo ved eit stort hotell. Seinare kjem ein agent (Jarl Vegard Røyrhus Eliassen), og dyrlegen (Ottar Frøysa Hellebostad) har blitt tilkalla for å sjå på den sjuke merra.

Veninna Ruth har teke med kjærasten sin Petter på besøk til Jenny.

Lystige scener

Det blir mange forviklingar i stova til Rasmus Hagen, store intense elskovscener på sofaen og slåstarkuler der det vanka utkasting med blåveis. Ei lystig historie med eit manus fullt av morosame replikkar og der aktørane til tider viste rollespel som imponerte. At det enkelte gonger hakka litt i replikkvekslingane er slikt som må få lov å skje i ei amatørteateroppsetjing. Fleire med oss hadde ei svært triveleg kveldsøkt, for dette var ei komedieframsyning HUL-gjengen kan vere stolte av.

Geir Frøysa stod for utdeling av raude roser til alle i juleoppsetjinga til HUL-teatret

Roller og medhjelparar

Sist det vart vist romjulsspel av HUL-teatret var i 2014. Årets komedie hadde seks roller. Tidlegare har vi sett både Knut Dag Langeland og Marianne Fivelstad på HUL-scena, dei fire andre var debutantar. Linn Kammen, Lasse Langlo, Jarl Vegard Røyrhus Eliassen og Ottar Frøysa Hellebostad var nytt «blod» og gjev håp om at rollelistene blir fylt opp også ved seinare høve.

Medhjelparar under årets oppsetjing var: Instruktør Kirsti Ramnefjell, sufflør Randi Sæter, scenografi og kostyme Anne Marie S. Frøysa og Solveig Espe, sminke Wenche Ringdal og Synnøve Sæther, frisør Torunn Hauge, lys/lyd Ole Aasen.

Hovedrollene i «Her går det for seg» vart spela av Marianne Fivelstad og Knut Dag Langeland.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380