Lokalnytt

Mange les hellesylt.info

Tal frå statistikken i 2017 viser at nettstaden hellesylt.info har mange lesarar, også på facebook.

Det er selskapet SunnylvenNytt AS som står bak nettstaden www.hellesylt.info og som starta opp i desember 2014. Det tredje heile driftsåret viser ein liten nedgang både i sidevisningar og publiserte nyheitssaker.

Men det skjer mykje i Sunnylven som vi ønskjer å formidle så i snitt er det lagt ut nær to saker pr. dag i 2017. Vi presenterer også ein oversikt over dei 10 mest leste sakene . Klikk deg inn og les dei på nytt om du har lyst.

Vi takkar alle for året som snart er slutt, samstundes som vi ønskjer godt nytt år og mange positive saker å formidle frå Hellesylt og Sunnylven i 2018.

Her er litt statistikk frå året 2017.

Sidevisningar:

Total var det 436,347 sidevisningar på www.hellesylt.info.

Dette tilsvarar i snitt 1198 sidevisningar pr dag.

I forhold til 2016 er dette ein nedgang på vel 6 %.

Facebook.

Hellesylt.info har til saman 1228 følgarar på Facebook (pr. 31.12.2017).

Frå lenkene som vi har lagt på Facebook har vi fått 95,864 sidevisningar.

Tal på artiklar 2017.

Her er oversikt over talet på artiklar i 2016 og 2017:

2017 2016
januar 55 67
februar 56 59
mars 74 69
april 57 76
mai 59 72
juni 64 67
juli 53 69
august 37 59
september 59 60
oktober 58 58
november 41 61
desember 48 46
661 763

Dette er ein nedgang på vel 13 %.

Oversikt over dei 10 mest leste artiklane på hellesylt.info i 2017

Store skadar på fleire kattar 3,120
Fekk «kake» av sanitetslaget 1,915
Landa storlaks i Korsbrekkeelva 1,576
Skaut storebukken i Holedalen 1,505
VERSTE SNØVERSPÅSKE I MANNS MINNE 1,489
Tok storlaksen fyrste dag 1,419
Startar på eventyrtur 1. mars 1,133
Sunnylven skule vann Veslefrikkprisen 2017 1,114
To bilar frontkolliderte i Sunnylven 1,054
Hotelleigar og skipssjef i sjøforsvaret 1,015

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380