Manglar personar til Hellesyltdag-komite

Den tidlegare hovudkomiteen ynskjer forslag på «nye» personar i planlegging av dei 31. Hellesyltdagane innan 22. desember. Så langt har det ikkje kome inn namn, opplyser Svein Sporstøl.
I 2018 ønskjer den gamle komiteen at andre tek meir ansvar og har foreslått at Hellesyltdagane får fire grupper hovudansvar. På eit folkemøte nyleg vart dette foreslått:
Teknisk: Omfattar dans, stands, trafikkavvikling, rigg/rydding.
Program/aktivitetar: Omfattar kyrkjekonsert, utescene, andesleppet.
Marknadsføring: Omfattar sommardagavis, sosiale mediar.
Sekretær: Omfattar budsjett, fellesprosjekt, Hellesylt Rekneskap.
Marknadsføring og sekretær kom på plass på møtet, og ynskjer forslag på personar til dei to andre. Denne oppmodinga vart sendt ut til lag, organisasjonar og enkeltpersonar:
Gode Sunnylvingar
Vi har framleis tru på at det skal verte Hellesyltdagar også i 2018. Skal vi få det til, så treng vi fleire personar som er viljuge til å bruke litt tid i månadane fram mot arrangementet.
Vi treng folk til både program-, teknisk- og marknadsførings- og felleskomiteen.
Vi oppmodar no både lag, organisasjonar og alle andre til å melde frå om personar som kan tenkje seg å vere med. Meldinga skal gjevast til Svein Sporstøl innan 22. desember (gje beskjed på butikken eller på e-post til: joker.hellesylt@joker.no
Det er viktig at spesielt lag og organisasjonar tek ansvar for å finne fram til personar som kan tenkje seg å vere med.
Ein vil også legge til at noverande komite, har sagt frå seg hovudansvaret for arrangementet, men vi vil presisere at vi absolutt skal bidra i arbeidet med Hellesyltdagane. Vi forstår det slik at det er skapt ei oppfatning av at vi legg frå oss alt ansvar, det gjer vi ikkje, men vi har signalisert at vi av ulike grunnar ikkje vil utgjere hovudkomite for dagane i 2018. Vi håpar på forståing for det.
Dersom no bygda bestemmer seg for å løfte i flokk, vil vi også i 2018 kunne arrangere flotte og fine dagar, til beste for bygda vår. Ver frimodig når de utfordrar lagsmedlemmar, familie, vener og naboar til å ta eit ansvar for Hellesyltdagane.
Med venleg helsing
Svein, Per Ove, Erik, Åse og Ann Kristin