Mindre besøk, men vellukka messe

Julemessa på Hellesylt var mindre besøkt i år enn tidlegare. Men inga krise, arrangøren Sunnylven Bygdekvinnelag lovar ny messe neste år.
I alt 15 utstillarar deltok på årets julemesse på Hellesylt laurdag. Vareutvalet var variert, frå ullprodukte, tupperware, bakverk, til laks, bilder, blomar, kålrot og ved. I tillegg var det sal av risengrynsgraut med tilbehør, kaffi og kaker.
Sjølv om mange besøkte årets julemesse var frammøtet mindre enn tidlegare, sa leiar i arrangørlaget Anne Grete Hjelmeland Hole. Ho sa at salet av graut var noko mindre enn tidlegare år sjølv om mange også denne gongen kjøpte julenissen sin favorittmat.
Bygdekvinnelags-leiaren hadde tilbakemeldingar på at mange var godt nøgde med salet av varene dei baud fram. – Her var mykje fint i år og mange selde bra. Lakseprodukta frå Gardskjøkkenet er alltid populære og Stranda Blomster med julenek, lys og blomster sel også godt. Det er kjekt at dei kjem. Dei har ei fin utstilling og varene deira livar opp i salen, sa Anne Grete H. Hole.
Også fleire elevklasser frå Sunnylven skule hadde stand der mange gjorde gode handlar. Dei samla seg pengar til klassetur mellom anna til Trondheim neste år. -Kjem vi oss ikkje dit reiser vi til Ålesund fekk vi oss fortalt. Men dei kan rekke Trønder-hovudstaden for salet var bra det, noko leiaren for arrangørlaget også var glad for.
Kvifor kundestraumen var litt mindre i år enn tidlegare veit ikkje Anne Grete Hjelmeland Hole. Men julemessa på Hellesylt er koma for å bli, i alle fall også til neste år, lova ho.

