Lokalnytt

Nytt heidersmedlem i Hellesylt Ungdomslag

Arnfinn Trygestad med det synlege bevis som heidersmedlem i Hellesylt Ungdomslag. Til venstre nestleiar Geir Frøysa.

Fjerde juledag vart Arnfinn Tryggestad tildelt beviset som heidersmedlem i Hellesylt Ungdomslag. Heidersmannen var lite førebudd på tildelinga, men takka så mykje.

Det var like før framsyninga av romjulskomedia til HUL-teatret 4. juledag at nestleiar i Hellesylt Ungdomslag, Geir Frøysa kom på scena for å tildele Arnfinn Tryggestad diplomet som heidersmedlem i Hellesylt Ungdomslag.

-Vi er tilgodesett med utruleg mange eldsjeler i Sunnylven. Arnfinn Tryggestad har vore ein slik som ungdomslaget vil heidre i dag, sa Geir Frøysa.

Men Frøysa kunne fortelje om stort engasjement, ikkje berre i ungdomslaget, men også i andre lag og organisasjonar av heiderspersonen. Arnfinn Tryggestad sine interesse og innsats har alltid hatt eit vidt spekter opp gjennom åra.

Mellom dei Geir Frøysa rekna opp var sjølvsagt HUL, men også idrottslag, skulekorps og Sunnylven kyrkje. Var det tombola nokon stad og Arnfinn vann gav han som oftast gevinsten til born i nærleiken. Og ved kollekt i kyrkja vart det alltid runde summar, fortalde Frøysa, for Arnfinn supplerte beløpet slik at det kom ut i alle fall på ein ti-kronars sum.

Arnfinn lika å danse og kunne svinge seg til alle slag dansemusikk. Det hende at damene ikkje var sikre på om dei kunne dansen, men då svara Arnfinn; – Vi gjer det på vår måte.

I teater samanheng hadde han lett for å gløyme replikkane sine, men hadde evna til å improvisere og kome seg innpå igjen, sa Geir Frøysa under overrekkinga til ein svært positiv person. Og 4. juledag innrømte Arnfinn at han ikkje kom på replikken der og då, kva han skulle seie. Han var ikkje førebudd på den store æra han vart seg til del, sa han. Men heiderspersonen takka så mykje til stor og varm applaus frå ei fullsett storstove i Sunnylven.

Arnfinn Tryggestad vart det sjette heidersmedlem i Hellesylt Ungdomslag. Frå før er desse heidra: Kristine Ringdal, Oddvin Parr, Astrid Ringdal, John Arne Langeland, Ole Aasen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380