Ope hus på Gamleskulen

Juletreet ved Gamleskulen er på plass også i år.

Laurdag 9. desember er Gamleskulen på Hellesylt open for innsteg med utstilling, sal av lodd, kaffi, saft og kaker.

-Vi fyrer i omnen og kveikjer ljos, stiller ut gamle julekort og nissar, lovar leiinga i Gamleskulen aktivitetsmuseum som komande laurdag inviterer på førjulstreff i den gamle skulestova. Også lenkjer med julepynt laga av mellomsteget ved Sunnylven skule er hengt opp og pyntar lokalet.

Opningstida på Gamleskulen laurdag 9. desember er 12.00 til 15.00.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380