Lokalnytt

Øver på romjulskomedie

HUL-gjengen, på sofaen frå venstre Linn Kammen, Lasse Langlo, Marianne Fivelstad og Jarl Vegard Røyrhus. Bak frå venstre sufflør Randi Sæter, Knut Dag Langeland, Ottar Frøysa Hellebostad og rekvisittansvarleg Solveig Espe.

Det går mot romjulskomedie med HUL-teatret 4. juledag. Seks aktørar, fire av dei debutantar gjer klart for «Her går det for seg».

I romjula i fjor var HUL-teatret sakna. Ikkje alt var slik fastbuande og andre heimvende julegjestar er vande med, for romjulskomedia med HUL-teatret mangla. No har det blitt øvd jamt og trutt på ei framsyning på Sunnylven samfunnshus 4. juledag, på det som skal krydre julemenyen.

Å kunne trimme litt på latteren og magemusklane etter staute julemåltid har Hellesylt Ungdomslag og teatergjengen hjelpt med. Sist det skjedde var for to år sidan, men no er seks aktørar i gong med å øve inn ei ny komedie med forviklingar frå eit bygdemiljø. «Her går det for seg» heiter stykket i to akter og som varer godt ein time.

Vi stakk innom teater-gjengen under ei øving, men handlinga i skodespelet var hemmeleg. Litt fekk vi fretta ut, det dreiar seg mellom anna om ein enkjemann som har ein sjuk hest og ei dotter som er giftegal. Dottera leitar etter den rette ektemaken medan mannen prøver å pleie merra…

I dei seks rollene møter vi Marianne Fivelstad og Knut Dag Langeland, og fire debutantar, Jarl Vegard Røyrhus, Ottar Frøysa Hellebostad, Linn Kammen og Lasse Langlo. Randi Sæter er sufflør og Solveig Espe har ansvar for kostyme og scenografi.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380