Stranda Brannvern gjev gode råd

Feiarar i Stranda Brannvern, Malin Pålsson til venstre og Lillian Aasheim reiser rundt i kommunen og gjev gode råd om ting som kan hindre boligbrann

Desember er ein av månadane i året med flest boligbrannar. I tre dagar reiser tilsette frå Stranda Brannvern rundt i kommunen og gjev gode råd.

Denne veka reiser feiarane Malin Pålsson og Lillian Aasheim frå Stranda Brannvern rundt i kommunen og informerer i «Aksjon boligbrann». – Vi gjev ikkje pålegg, men informert om ting som kan skape, men også hindre brann og som ein med lettheit kan rette på, seier dei to. Fyrst og fremst blir røykvarslarar testa med røyk og skifta batteri i, dei ser på brannsløkkeutstyr, sikringsskap og anbefalte rømmingsvegar ved ein brann.

I jula blir det tent meir lampar og elektriske artiklar enn vanleg. Då blir det ofte teke i bruk skøyteleidningar, men det likar dei ikkje, det bør vere veggfaste kontaktar, anbefaler dei.

Til informasjonskampanja «Aksjon boligbrann» har Malin og Lillian tre dagar til rådvelde. Tysdag var dei på Stranda, dagen etter i Sunnylven og så til slutt er det Liabygda og Geiranger.

-Vi rekk ikkje på langt nær alle, men plukkar litt mellom pensjonistar og dei vi trur er heime på dagtid. Om vi får kome inn og sjå over er frivillig og vi gjev ingen pålegg, men prøver å gje gode råd og prate om brannsikring, seier Malin Pålsson og Lillian Aasheim frå Stranda Brannvern.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380