LokalnyttLokalsport

Sunnylvscup på ski startar opp

Torsdag 7. desember går vinterens fyrste renn i Sunnylvscup på ski i Hyttehola. I alt seks renn er sett opp med innlagt merkerenn torsdag 15. februar.

Snøen er komen i Hyttehola fleirbruksanlegg. Treningane for skisesongen har pågått nokre veker alt, og komande torsdag er det renn med startnummer på brystet. Skigruppa håper på like godt oppmøte denne vinteren som tidlegare. Det er sett opp hjelparar til kvart av dei seks renna og ei orienterer om dei viktigaste gjeremåla:

 

-Vi er no klare for nye renn i Sunnylvscupen.

For å dele på belastninga med eit slikt arrangement, og også å vidareutvikle eit sosialt miljø kring arrangementa, har vi sett opp ei arbeidsliste for foreldra til born som var delaktige i cupen sist år. Vi nemner opp ein ansvarleg på gruppene ved kvart arrangement, og to frå styret vert også med som kontaktpersonar.

Om det ikkje passar på oppsett dag, må ein sjølv finne ein å byte med.

Styret tek ansvar for å få på plass

1) Startnummer, namneliste, skrivesaker, klokker, vekslepengar.

2) Saft, pappbeger, syltetøy, vatn, pølser m.m.

Gruppeansvarleg fordelar oppgåver:

– Utdeling av startnummer.

– Tidtaking.

– Starting.

– Setje opp start- /målskilt.

– Innsamling og sortering av startnummer.

– Dele ut saft.

Kiosk:

Den som er satt opp her har ansvar for vaffelsteiking, sal og rydding/vasking.

Ta med startkontingent kr 100,- til fyrste Sunnylvscup ( vi har også vipps)

3 renn gir premiering.

Tidtaking med enkelstart frå 3.klasse, fellesstart frå 5.klasse (ynskjer ein ikkje tidtaking får ein registrert rennet ved å gå same distanse.)

Velkomne til kjekke kveldar i Hyttehola! 🙂

Helsing skigruppa

Hans Hole, tlf 41695602

Gisle Aaland, tlf 93480833

Linn Kammen, tlf 90827196

Anne Karin Brenne, tlf 91350328

Anniken Hjellbakk Hole, tlf 98832326

(Premieutdeling Sunnylvscupen og påskebingo tysdag 27. mars kl. 19.00 på Samfunnshuset)

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380