Til kyrkje i fakkeltog

I mange år har det vore tradisjon med fakkeltog frå Sunnylven samfunnshus til kyrkja på nyttårsaftan. Også i år blir det arrangement med ein sving nedom omsorgssenteret.

Vi forstår det slik at soknepresten i Sunnylven og Geiranger er fri pånyttårsaftan, for i år inviterer ein «dugnadsgjeng» til folketog med faklar og samling i kyrkja til slutt. Her kan du lese programmet som er sett opp:

-Fakkeltoget startar frå samfunnshuset klokka 20.30 (ta med faklar). Dette går via omsorgssenteret og til kyrkja. Der vert det ei samling frå omlag klokka 21.00. Denne kvelden er ein «dugnadskveld» med følgjande innhald og medverkande:

Musikalske innslag ved Kristin Storstein og Gunnhild Overvoll (piano)

Inghild Storstein les dikt av Arnfinn Haram

Astrid R Ringdal og Ingebjørg Saarheim Fivelstad leiar oss gjennom Frans av Assisi bøn

Nyårsrefleksjon ved Ann Kristin Langeland.

Vel møtt til ei samling med rom for ettertanke, refleksjon og lystenning, alt innramma av vakker musikk.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380