Tradisjonell opning av advent i Sunnylven

Vinnarar mellom konstruktørane av pepperkakebygg, frå venstre Konrad Lade, Kristin Langeland, Ane Brenne Ringdal. Barbro Lade delte ut.

Fyrste søndag i advent var tradisjonell i Sunnylven med juletombola, utstilling av pepperkakebygg, julegrantenning og lysmesse i Sunnylven kyrkje.

Det var folksamt under juletombolaen til Sunnylven skulekorps på fyste søndag i advent. Mellom 7-800 gevinstar vart lodda ut og dei aller fleste fekk nye eigarar i løpet av vel to timar.

Til årets utstilling av byggverk laga av pepperkakedeig kom det inn tolv bidrag. Mange ulike konstruksjonar og kreativt pynta. Mellom dei som var med i utstillinga fekk tre av dei kvar si lita gåve etter loddtekking. Vinnarar vart Kristen, Ane og Marte, Kristin og Jørgen, og Konrad Lade.

Grunna ruskete ver spela Sunnylven skulekorps inne under julegrantenninga.

Juletonar inne

Barbro Lade hos arrangøren delte ut gåvene og takka samstundes alle som hadde levert pepperkakebygg. Dei skal no stå på utstilling i Sparebanken Møre fram til jul. Ho retta også takk til alle som hadde hjelp til med juletombolaen, ei viktig inntektskjelde for Sunnylven skulekorps, sa ho.

Grunna dårleg ver vart det ikkje gong kring julegrana i Hellesylt sentrum på søndag. Men det vart mange kjende juletonar med skulekorpset  inne i storsalen på samfunnshuset, og julegrana ute vart tent til rett tid som planlagt.

Ungdommelege innslag under lysmessa

Arrangementa fyrste søndag i advent vart avslutta med lysmesse i Sunnylven kyrkje der unge aktørar tok del saman med sokneprest Stein Karstensen. Lysmessa opna med inngang i prosesjon av ungdomskoret Joyful og konfirmantane. Under gudstenesta framførte dei ni konfirmantane eit tablå til song av Kristin Storstein og bidrog med lystenning og tekstlesing. Ungdomskoret Joyful med solistar song til gitarspel av Bertine Lade, og konfirmant Matti Kjellstadli trekterte kyrkjeorgelet under heile gudstenesta.

Konfirmantane stod for mellom anna tekstlesing og tenning av den sjuarma lysestaken under lysmessa.

Godt frammøte under tombolaen til skulekorpset. Den kvite veggen i bakgrunnen var full av gevinstar, men etter to timar var nesten alt borte.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380