Lokalnytt

Under Kopen til topps

Vinnarlaget i Per Gynt galleriet sin jule-Quiz. Frå venstre: Svein Erik, Thomas, Hans Jørgen, Lars, Gunnar, Fredrik.

Det vart 50 spørsmål om både geografi, musikk, Royale spørsmål og anna kvardagslege hendigar då Peer Gynt galleriet inviterte til jule-Quiz tredje juledag. Under Kopen gjekk sigrande ut av konkurransen.

I alt 14 lag med inntil seks personar på laget stilte skarpskodde og klare til å sanke poeng under jule-Quis på Peer Gynt galleriet tredje dag i romjula. Quiz-master Arild Ringdal og medhjelpar Egil Røyrhus hadde sett saman 40 dagsaktuelle spørsmål som vart presentert i to omgangar. Til slutt kom ti «ungdommelege» spørsmål med tre alternative svar til kvart, laga av ungdom. Eit flott alternativ der også dei aller yngste Quiz`arane «følte seg heime».

Under Kopen tok leiinga i fyrste runde med 18 poeng, føre Hoffenheim 17 poeng, Romjulsgjengen og Hjørnet begge 15.5 poeng. Sterkast i andre runde var Romjulsgjengen med 18 poeng og med Under Kopen poenget bak.

Mange hadde tolv poeng i tredje og siste runde, Feriekameratane, Grunnmuren og Tre + En. På 11 poeng enda Leifen og hønsa, Norglish, Hjørnet og Under Kopen.

Sluttresultatet av årets Jule-Quiz på Peer Gynt galleriet vart:

Under Kopen 18 – 17 – 11 = 46

Romjulsgjengen 15.5 – 18 – 10 = 43.5

Hoffenheim 17 – 15 – 10 = 42

Grunnlaget 15 – 15 – 10 = 40

Hjørnet 15.5 – 12.5 – 11 = 39

Feriekameratane 14 – 12 – 12 = 38

Grunnmuren 14 – 12 – 12 = 38

Tre + En 14 – 11 – 12 = 37

Norglish 13 – 10.5 – 11 = 34.5

Løfserøvane 13 – 10.5 – 9 = 32.5

Harre laje 10 – 12.5 – 9 = 31.5

Leifen og hønsa 10 – 7 – 11 = 28

Ellinor`s rosa G-streng 9.5 – 8.5 – 9 = 27

God Jul 8.5 – 7 – 6 = 21.5

Arild Ringdal t.v. og Egil Røyrhus stilte spørsmåla og talde poeng.
Fullt hus i kafeterian på Peer Gynt galleriet. Etterpå var det musikalsk underhaldning av Kai Dahl.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380