Unge premiegrosistar

Tysdag fekk unge skyttarar i Sunnylven skyttarlag sine premiar. På bildet framme frå venstre: Ørjan Frøysadal Hauge, Isak Frøysadal Hauge, Adrian Sporstøl Ravelo. Bak: Kristian Andre Frøysadal Hauge, Jakob Solli Frøysa, Natalie Trøen Frøysa, Johan Marius Alme, Olai Sætreås Kristoffersen. (Foto Rune Tryggestad)

Sunnylven Skyttarlag arrangerte premiefest for sine  yngre skyttara på skyttarhuset tysdag kveld, skriv skyttarlaget i ei pressemelding.

Flotte pokalar og medaljar for interne pokalskytinga samt for lagsmeisterskap  både i miniatyr, felt og baneskyting for 2016 og 2017 vart delt ut. Ungdomane har fast treningskveld på tysdagane. Her er alle velkomne til å få sikker instruksjon i skytesporten.

Ungdomane i Sunnylven skyttarlag har hevda seg både lokalt og nasjonalt siste åra med  både norgesmeisterskap i skogsløp med skyting og medalje på baneskyting på Landsskyttarstemne i 2017.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380