Vann fyrste pakke i «julekalendaren»

Ellen Fivelstad vart den heldige vinnar av pakke 1 i Joker, Hellesylt sin «Julekalendar» i butikken.
Årets «julekalendar» på Joker Ringdal & Co på Hellesylt er på plass. Kvar dag fram til julaftan kan ein kunde vinne seg ein overraskingspakke etter loddtrekning, får vi fortalt. Det er berre å skrive namnet på kassalappen og få lagt den i ei spesiell krukke. Når dagen er omme blir det trekt ut ein vinnar av ein pakke, fint innpakka i julepapir. Innhaldet varierer, ei spanande overrasking.
Ellen Fivelstad vart vinnar av fyrste pakke, står å lese på butikken si facebook-side.