LokalnyttLokalsport

Vann også i Rindal

Kristine Hjellbakk Hole har starta langrennsesongen på beste måte med to sigrar så langt. (Foto frå arkivet)

Kristine Hjellbakk Hole, Sunnylven IL tok ein ny klassesiger då ho vann J16 i Rindalsrennet på Nordmøre søndag.

Laurdag vart det klassesiger på beste tid mellom damene i Valldal for langrennsløpar Kristine Hjellbakk Hole, Sunnylven IL. Dagen etter på søndag målte ho krefter også mot trønder-løparar og vann suverent. På 5.0 km. vart det klar siger på 14.34, og på andre plass 34.3 sek. bak kom Oda Pernille Groth Brodtkorp frå Strindheim IL. Jøri Vatten, Surnadal kom på tredje plass.

Vinnartida til Kristine var nest best mellom damene som gjekk 5.0 km.

Rindalsrennet hadde også deltaking av landslagsløparar. I menn senior vann Emil Iversen, IL Varden og i damer senior vart det siger til Kari Øyre Slind, Oppdal IL.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380